Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 1:16-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Hald ikkje tenestkvinna di for ei ring kvinne! For eg har heile tida tala ut av mi store sorg og sut.»

17. Då sa Eli: «Gå bort i fred! Israels Gud skal gje deg det du har bede han om.»

18. Hanna svara: «Gjev tenestkvinna di må finna godvilje hjå deg!» Så gjekk ho sin veg; ho fekk seg mat og såg ikkje lenger så sorgfull ut.

19. Morgonen etter stod dei tidleg opp, bøygde seg og tilbad Herren. Så fór dei heim att til Rama. Og då Elkana atter var saman med Hanna, kona si, kom Herren henne i hug.

20. Før året var ute, vart ho med barn og fekk ein son. Og ho kalla han Samuel; «for eg har bede Herren om han,» sa ho.

21. Då så Elkana drog opp att med heile huslyden sin og skulle bera fram for Herren det årlege slaktofferet og lovnadsofferet,

22. vart ikkje Hanna med. Ho sa til mannen sin: «Eg vil venta til guten er avvand. Då vil eg ta han med, så han kan førast fram for Herren og sidan vera der all si tid.»

23. «Gjer som du tykkjer best,» svara Elkana, mannen hennar. «Ver heime til du har vant han av! Gjev Herren må setja sitt ord i verk!» Så vart kvinna heime og gav guten bryst til han var avvand.

24. Men då ho hadde vant han av, drog ho opp med han. Ho hadde med seg ein treårsgamal okse, ein efa mjøl og ei vinhit, og ho førte han til Herrens hus i Sjilo. Han var berre småguten den gongen.

25. Så slakta dei oksen og førte guten inn til Eli.

26. Og ho sa: «Høyr på meg, herre. Så sant du lever, herre: Eg er den kvinna som stod her hjå deg og bad til Herren.

27. Denne guten var det eg bad om, og Herren har høyrt bøna mi.

28. No gjev eg han att til Herren for heile hans levetid; det var for Herrens skuld eg bad om han.» Så bøygde dei seg og tilbad Herren der.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 1