Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 1:13-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Det var inni seg ho bad; ho leda berre lippene, men røysta høyrdest ikkje. Difor trudde Eli ho var drukken,

14. og sa til henne: «Kor lenge vil du syna deg drukken? Sjå til å få rusen av deg!»

15. Men Hanna svara: «Nei, herre, eg er ei sorgtyngd kvinne. Vin eller annan sterk drikk har eg ikkje drukke; eg berre klagar mi naud for Herren.

16. Hald ikkje tenestkvinna di for ei ring kvinne! For eg har heile tida tala ut av mi store sorg og sut.»

17. Då sa Eli: «Gå bort i fred! Israels Gud skal gje deg det du har bede han om.»

18. Hanna svara: «Gjev tenestkvinna di må finna godvilje hjå deg!» Så gjekk ho sin veg; ho fekk seg mat og såg ikkje lenger så sorgfull ut.

19. Morgonen etter stod dei tidleg opp, bøygde seg og tilbad Herren. Så fór dei heim att til Rama. Og då Elkana atter var saman med Hanna, kona si, kom Herren henne i hug.

20. Før året var ute, vart ho med barn og fekk ein son. Og ho kalla han Samuel; «for eg har bede Herren om han,» sa ho.

21. Då så Elkana drog opp att med heile huslyden sin og skulle bera fram for Herren det årlege slaktofferet og lovnadsofferet,

22. vart ikkje Hanna med. Ho sa til mannen sin: «Eg vil venta til guten er avvand. Då vil eg ta han med, så han kan førast fram for Herren og sidan vera der all si tid.»

23. «Gjer som du tykkjer best,» svara Elkana, mannen hennar. «Ver heime til du har vant han av! Gjev Herren må setja sitt ord i verk!» Så vart kvinna heime og gav guten bryst til han var avvand.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 1