Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 1:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I Ramatajim i Efraims-fjella budde det ein mann av Suf-ætta som heitte Elkana. Far hans heitte Jeroham og var son til Elihu og soneson til Tohu, som var son til Suf, ein efraimitt.

2. Elkana hadde to koner. Den eine heitte Hanna og den andre Peninna. Peninna hadde born, men Hanna var barnlaus.

3. År etter år drog denne mannen opp frå heimbygda si og tilbad og ofra til Herren, Allhærs Gud, i Sjilo. Der var dei to Eli-sønene, Hofni og Pinhas, prestar for Herren.

4. Når Elkana heldt offermåltid, gav han Peninna, kona si, og alle sønene og døtrene hennar kvar sitt stykke av offerkjøtet,

5. men Hanna fekk dobbelt så mykje. For han heldt mest av Hanna, endå Herren hadde stengt morslivet hennar.

6. Medtevlaren hennar terga henne støtt og ville gjera henne motlaus, fordi Herren hadde stengt morslivet hennar.

7. Såleis gjekk det år etter år. Kvar gong Hanna drog opp til Herrens hus, terga Peninna henne. Så gret ho og ville ikkje eta.

8. Men Elkana, mannen hennar, sa til henne: «Kvifor græt du, Hanna, og kvifor et du ikkje? Kvifor er du så sorgfull? Er ikkje eg meir for deg enn ti søner?»

9. Ein gong dei hadde ete og drukke i Sjilo, reiste Hanna seg og steig fram for Herrens åsyn. Eli, overpresten, sat på stolen sin attmed dørstolpen i Herrens tempel.

10. I si hjartesorg bad ho til Herren og gret sårt.

11. Og ho gav ein lovnad og sa: «Herre, Allhærs Gud! Dersom du vil sjå kor vondt tenestkvinna di har det, og koma meg i hug og ikkje gløyma tenestkvinna di, men la meg få ein son, så vil eg gje han til Herren for heile livet, og det skal aldri koma rakekniv på hovudet hans.»

12. Såleis bad Hanna lenge til Herren, og Eli fylgde munnen hennar med augo.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 1