Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 9:4-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Men kjøt med blod i, det som livet er knytt til, skal de ikkje eta.

5. Berre for dykkar blod vil eg krevja hemn. Eg vil krevja både dyr og menneske til rekneskap. Eg vil krevja kvar mann til rekneskap når han tek livet av nesten sin.

6. Den som tek menneskeblod,hans blod skal menneske ta;for i sitt bilete ¬skapte Gud mennesket

7. Men de skal veksa og aukast,myldra på jorda ¬og verta mange der.»

8. Så sa Gud til Noah og sønene hans:

9. «No vil eg gjera ei pakt med dykk og etterkomarane dykkar

10. og med kvar levande skapning hjå dykk, både fuglar og fe og alle villdyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arka, alle dyr på jorda.

11. Eg gjer mi pakt med dykk: Aldri meir skal alt som lever, tynast av storflaumen; aldri meir skal det koma ein flaum som legg jorda i øyde.»

12. Og Gud sa:«Dette er teiknet ¬på pakta eg skiparmellom meg og dykkog kvar levande skapning ¬som hjå dykk er,for ætter som kjem i alle tider:

Les hele kapitlet 1. Mosebok 9