Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 9:13-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Eg set bogen min i skyene;han skal vera eit teikn på paktamellom meg og jorda.

14. Når eg samlar skyer over jorda,og bogen syner seg i skyene,

15. då skal eg koma i hug den paktasom er mellom meg og dykkog kvar levande skapning.Aldri meir skal vatnet vertatil ein storflaum ¬som tyner alt liv.

16. Bogen skal koma i skyene;eg skal sjå han og minnastden pakta som alltid skal veramellom Gud ¬og kvar levande skapningsom rører seg på jorda.»

17. Gud sa til Noah: «Dette er teiknet på den pakta eg skipar mellom meg og alt liv som finst på jorda.»

18. Noah-sønene som gjekk ut or arka, var Sem, Kam og Jafet. Kam var far til Kanaan.

19. Desse tre var sønene til Noah, og frå dei breidde menneska seg ut over heile jorda.

20. Noah dyrka jorda, og han var den fyrste som planta ein vingard.

21. Då han drakk av vinen, vart han drukken og kledde seg naken inne i teltet.

22. Kam, far til Kanaan, fekk sjå far sin naken, og han gjekk ut og fortalde det til dei to brørne sine.

23. Då tok Sem og Jafet ei kappe og la over akslene sine. Så gjekk dei baklengs inn og breidde over far sin. Dei vende andletet bort, så dei ikkje såg far sin naken.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 9