Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 8:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Så sende Noah ut ei due; han ville sjå om vatnet hadde sige unna frå marka.

9. Men dua fann ingen stad der ho kunne kvila foten sin, og kom attende til han i arka; for det stod vatn over heile jorda. Han rette ut handa, greip dua og tok henne inn til seg i arka.

10. Han venta sju dagar til og sende så dua ut att or arka.

11. Då det leid til kvelds, kom dua til han med eit grønt oljeblad i nebben. Då skjøna Noah at vatnet hadde sige bort frå jorda.

12. Men han venta endå sju dagar. Så sleppte han ut dua, og då kom ho ikkje att meir.

13. I det året Noah fylte 601 år, den fyrste dagen i den fyrste månaden, hadde vatnet turka bort frå jorda. No tok Noah taket av arka, og då han såg utover, var jorda turr.

14. Den tjuesjuande dagen i den andre månaden var ho heilt turr.

15. Då sa Gud til Noah:

Les hele kapitlet 1. Mosebok 8