Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 7:3-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. og like eins av fuglane under himmelen, sju par, hann og ho, så ættene deira kan haldast i live på jorda.

4. For om sju dagar vil eg la det regna på jorda i førti dagar og førti netter og rydja ut av jorda alt liv som eg har skapt.»

5. Og Noah gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt.

6. Noah var 600 år då storflaumen kom over jorda.

7. Så gjekk dei inn i arka, Noah og sønene hans, kona og sonekonene hans, og ville berga seg for vassflaumen.

8. Av dei reine og dei ureine dyra, av fuglane og alt som kryp på marka,

9. kom to og to, hann og ho, inn i arka til Noah, som Gud hadde sagt.

10. Då no dei sju dagane var lidne, kom storflaumen over jorda.

11. I det året då Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder frå det store havdjupet fram, og himmellukene opna seg.

12. Og regnet strøymde ned på jorda i førti dagar og førti netter.

13. Den dagen gjekk Noah inn i arka, og Sem, Kam og Jafet, sønene til Noah, og kona til Noah og dei tre sonekonene hans,

14. dei og alle slag villdyr, alle slag fe og alle slag kryp som krælar på jorda, alle slag fuglar og alle dyr som har venger å flyga med.

15. Dei kom inn i arka til Noah, to og to av alle skapningar som har livsande i seg.

16. Hann og ho av alt som lever, kom inn til han, som Gud hadde sagt. Og Herren lét att døra etter han.

17. No fløymde vatnet over jorda i førti dagar. Det steig og lyfte arka, så ho flaut opp frå jorda.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 7