Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 6:5-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Herren såg at vondskapen var stor hjå menneska på jorda. Alle tankar som rørte seg i hjarto deira, var vonde dagen lang.

6. Då angra Herren at han hadde skapt menneska på jorda, og han var full av sorg i hjarta sitt.

7. Han sa: «Eg vil rydja ut av jorda menneska som eg har skapt, ja, ikkje berre menneska, men feet og krypdyra og fuglane under himmelen òg. For eg angrar at eg har skapt dei.»

8. Men Noah fann nåde hjå Herren.

9. Dette er soga om Noah og ætta hans. Noah var ein rettferdig og ulastande mann mellom dei som levde på den tid. Han ferdast med Gud.

10. Noah fekk tre søner: Sem, Kam og Jafet.

11. Men jorda vart verre og verre i Guds augo; ho vart full av urett.

12. Då Gud såg på jorda, var ho utskjemd; for alle menneske over heile jorda gjekk på vonde vegar.

13. Då sa Gud til Noah: «Eg har sett meg føre å gjera ende på kvar levande skapning; for dei har fylt jorda med urett. No vil eg rydja dei ut av jorda.

14. Du skal laga deg ei ark av sypresstre, innreia henne med mange rom og tjørebre henne både innvendes og utvendes.

15. Såleis skal du laga arka: Ho skal vera tre hundre alner lang, femti alner brei og tretti alner høg.

16. Eit tak skal du leggja på arka. Bruk alnemål når du arbeider med det! Set ei dør på den eine sida, og bygg arka i tre høgder!

17. No vil eg la storflaumen koma over jorda og tyna kvar skapning som det er livspust i. Alt som lever på jorda, skal døy.

18. Men med deg vil eg gjera ei pakt. Du skal gå inn i arka, du og sønene dine og kona di og sonekonene dine med deg.

19. Av alle levande skapningar skal du ta eitt par av kvart slag inn i arka, så dei bergar livet saman med deg. Hann og ho skal det vera.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 6