Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 50:7-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Så fór Josef av stad og skulle gravleggja far sin. Og saman med han fór alle mennene åt farao, både dei øvste i huset hans og alle stormennene i Egypt,

8. heile huslyden åt Josef og brørne hans og husfolket åt faren. Berre dei små borna og småfeet og storfeet lét dei vera att i Gosen.

9. Dei hadde med seg vogner og hestfolk i mengd, så det vart eit stort fylgje.

10. Då dei kom til Goren-Ha’atad, på hi sida av Jordan, heldt dei ei stor og verdig syrgjehøgtid der. Josef heldt lik-klage over far sin i sju dagar.

11. Då kanaanearane som budde i landet, såg korleis dei syrgde og klaga i Goren-Ha’atad, sa dei: «Det er ei verdig syrgjehøgtid egyptarane held her.» Difor kalla dei staden Abel-Misrajim. Han ligg på hi sida av Jordan.

12. Sønene gjorde med Jakob som han hadde sagt dei føre.

13. Dei førte han til Kanaan og gravla han i hola på Makpela-jordet, austanfor Mamre, det jordstykket som Abraham hadde kjøpt av hetitten Efron til eigande gravstad.

14. Då Josef hadde gravlagt far sin, drog han attende til Egypt, både han og brørne hans og alle som hadde vore med han opp og gravlagt far hans.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 50