Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 50:16-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Så sende dei bod til Josef og sa: «Far din bad oss før han døydde,

17. at vi skulle bera fram dette bodet til deg: Kjære, tilgjev brørne dine det brotet og den synda dei gjorde, då dei fór så stygt med deg! Så tilgjev oss no brotet vårt! Vi tener då same Gud som far din.» Josef gret då dei tala såleis til han.

18. Sidan kom brørne sjølve og kasta seg ned for han. «Her kjem vi og vil vera tenarane dine,» sa dei.

19. Då sa Josef til dei: «Ver ikkje redde! Er eg i Guds stad?

20. De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode. For han ville gjera det som no har hendt, og berga mange menneske.

21. Ver ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borna dykkar.» Såleis trøysta han dei og tala blidt til dei.

22. Josef vart buande i Egypt, både han og farsætta hans. Han vart 110 år gamal.

23. Josef fekk sjå borna hans Efraim i tredje leden. Og borna åt Makir, son til Manasse, vart fødde på knea hans.

24. Josef sa ti brørne sine: «No skal eg døy. Men Gud vil ta seg av dykk og føra dykk ut or dette landet til det landet han lova Abraham, Isak og Jacob.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 50