Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 50:11-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Då kanaanearane som budde i landet, såg korleis dei syrgde og klaga i Goren-Ha’atad, sa dei: «Det er ei verdig syrgjehøgtid egyptarane held her.» Difor kalla dei staden Abel-Misrajim. Han ligg på hi sida av Jordan.

12. Sønene gjorde med Jakob som han hadde sagt dei føre.

13. Dei førte han til Kanaan og gravla han i hola på Makpela-jordet, austanfor Mamre, det jordstykket som Abraham hadde kjøpt av hetitten Efron til eigande gravstad.

14. Då Josef hadde gravlagt far sin, drog han attende til Egypt, både han og brørne hans og alle som hadde vore med han opp og gravlagt far hans.

15. Då brørne åt Josef såg at far deira var borte, sa dei: «Berre Josef ikkje legg oss for hat og lèt oss bøta for alt det vonde vi har gjort mot han!»

16. Så sende dei bod til Josef og sa: «Far din bad oss før han døydde,

17. at vi skulle bera fram dette bodet til deg: Kjære, tilgjev brørne dine det brotet og den synda dei gjorde, då dei fór så stygt med deg! Så tilgjev oss no brotet vårt! Vi tener då same Gud som far din.» Josef gret då dei tala såleis til han.

18. Sidan kom brørne sjølve og kasta seg ned for han. «Her kjem vi og vil vera tenarane dine,» sa dei.

19. Då sa Josef til dei: «Ver ikkje redde! Er eg i Guds stad?

20. De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode. For han ville gjera det som no har hendt, og berga mange menneske.

21. Ver ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borna dykkar.» Såleis trøysta han dei og tala blidt til dei.

22. Josef vart buande i Egypt, både han og farsætta hans. Han vart 110 år gamal.

23. Josef fekk sjå borna hans Efraim i tredje leden. Og borna åt Makir, son til Manasse, vart fødde på knea hans.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 50