Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 5:3-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Då Adam var 130 år, fekk han ein son som var så lik han som hans eige bilete, og han kalla han Set.

4. Etter at Adam hadde fått Set, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer.

5. Heile levetida åt Adam vart 930 år. Så døydde han.

6. Då Set var 105 år, fekk han sonen Enosj.

7. Etter at Set hadde fått Enosj, levde han endå 807 år og fekk søner og døtrer.

8. Heile levetida åt Set vart 912 år. Så døydde han.

9. Då Enosj var 90 år, fekk han sonen Kenan.

10. Etter at Enosj hadde fått Kenan, levde han endå 815 år og fekk søner og døtrer.

11. Heile levetida åt Enosj vart 905 år. Så døydde han.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 5