Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 5:26-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Etter at Metusjalah hadde fått Lamek, levde han endå 782 år og fekk søner og døtrer.

27. Heile levetida åt Metusjalah vart 969 år. Så døydde han.

28. Då Lamek var 182 år, fekk han ein son.

29. Han kalla han Noah og sa: «Han skal trøysta oss i arbeidet vårt og i alt vårt slit og slep med den jorda som Herren har forbanna.»

30. Etter at Lamek hadde fått Noah, levde han endå 595 år og fekk søner og døtrer.

31. Heile levetida åt Lamek vart 777 år. Så døydde han.

32. Då Noah var 500 år, fekk han sønene Sem, Kam og Jafet.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 5