Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 5:14-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Heile levetida åt Kenan vart 910 år. Så døydde han.

15. Då Mahalalel var 65 år, fekk han sonen Jared.

16. Etter at Mahalalel hadde fått Jared, levde han endå 830 år og fekk søner og døtrer.

17. Heile levetida åt Mahalalel vart 895 år. Så døydde han.

18. Då Jared var 162 år, fekk han sonen Enok.

19. Etter at Jared hadde fått Enok, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer.

20. Heile levetida åt Jared vart 962 år. Så døydde han.

21. Då Enok var 65 år, fekk han sonen Metusjalah.

22. Enok ferdast med Gud i 300 år etter at han hadde fått Metusjalah, og han fekk søner og døtrer.

23. Heile levetida åt Enok vart 365 år.

24. Enok ferdast med Gud. Så vart han borte, for Gud tok han til seg.

25. Då Metusjalah var 187 år, fekk han sonen Lamek.

26. Etter at Metusjalah hadde fått Lamek, levde han endå 782 år og fekk søner og døtrer.

27. Heile levetida åt Metusjalah vart 969 år. Så døydde han.

28. Då Lamek var 182 år, fekk han ein son.

29. Han kalla han Noah og sa: «Han skal trøysta oss i arbeidet vårt og i alt vårt slit og slep med den jorda som Herren har forbanna.»

30. Etter at Lamek hadde fått Noah, levde han endå 595 år og fekk søner og døtrer.

31. Heile levetida åt Lamek vart 777 år. Så døydde han.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 5