Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 48:6-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Men dei borna du sidan har fått, skal vera dine. Dei skal ha namn etter brørne sine i det landet dei kjem til å arva.

7. Då eg kom frå Mesopotamia, døydde Rakel frå meg på ferda. Det hende i Kanaan, då vi endå hadde eit stykke att til Efrat. Og eg gravla henne der attmed vegen til Efrat – det er Betlehem.

8. Då Israel fekk sjå sønene til Josef, spurde han: «Kven er det?»

9. Josef svara: «Det er sønene mine, som Gud har gjeve meg her.» Då sa Jakob: «Kjære, kom hit til meg med dei, så skal eg velsigna dei!»

10. Men augo hans Israel var dimme av alder; han kunne mest ikkje sjå. Difor leidde Josef gutane bort til han, og han kyste dei og slo armane kring dei.

11. Og Israel sa til Josef: «Eg hadde ikkje trutt eg skulle sjå deg meir, og no har Gud endåtil late meg få sjå borna dine!»

12. Så tok Josef dei ned av fanget hans og bøygde seg til jorda for han.

13. Sidan tok Josef begge i handa, Efraim i den høgre, til venstre for Israel, og Manasse i den venstre, til høgre for Israel, og leidde dei fram til han.

14. Men Israel rette ut høgre handa og la henne på hovudet hans Efraim, endå han var den yngste, og venstre handa la han på hovudet hans Manasse. Med vilje la han armane i kross; for Manasse var eldst.

15. Så velsigna han Josef og sa:«Fedrane mine, ¬Abraham og Isak,ferdast for Guds åsyn.Den Gud som var min hyrdingfrå eg vart fødd til denne dag,

16. engelen som løyste meg ut ¬frå alt vondt,han velsigne gutane:I dei skal namnet mitt ¬leva vidare,og namnet åt Abraham og Isak, ¬fedrane mine.Gjev dei må verta mange ¬i landet!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 48