Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 48:4-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. og sa til meg: «Eg vil la deg veksa og aukast og gjera deg til ei samling med ætter. Og eg vil gje etterkomarane dine dette landet til eige for alle tider.»

5. Dei to sønene som du fekk i Egypt før eg kom hit til deg, dei skal no vera mine. Efraim og Manasse skal høyra meg til liksom Ruben og Simeon.

6. Men dei borna du sidan har fått, skal vera dine. Dei skal ha namn etter brørne sine i det landet dei kjem til å arva.

7. Då eg kom frå Mesopotamia, døydde Rakel frå meg på ferda. Det hende i Kanaan, då vi endå hadde eit stykke att til Efrat. Og eg gravla henne der attmed vegen til Efrat – det er Betlehem.

8. Då Israel fekk sjå sønene til Josef, spurde han: «Kven er det?»

9. Josef svara: «Det er sønene mine, som Gud har gjeve meg her.» Då sa Jakob: «Kjære, kom hit til meg med dei, så skal eg velsigna dei!»

10. Men augo hans Israel var dimme av alder; han kunne mest ikkje sjå. Difor leidde Josef gutane bort til han, og han kyste dei og slo armane kring dei.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 48