Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 48:18-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. «Ikkje så, far!» sa Josef til far sin. «For denne er eldst. Legg høgre handa på hans hovud!»

19. Men det ville ikkje faren. Han sa: «Eg veit det, son min, eg veit det! Han òg skal verta til eit folk, han òg skal verta stor. Men bror hans, som er yngre, skal verta større, og hans ætt skal verta til ei mengd med folk.»

20. Så velsigna han dei den dagen og sa:«Når Israel vil velsigna,skal dei nemna dykk og seia:Gud gjere deg ¬som Efraim og Manasse!»Han sette Efraim føre Manasse.

21. Sidan sa Israel til Josef: «No skal eg døy. Men Gud vil vera med dykk og føra dykk attende til landet åt fedrane dykkar.

22. Eg gjev deg ein bergrygg meir enn brørne dine; den har eg teke frå amorittane med sverd og boge.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 48