Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 45:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då kunne ikkje Josef leggja band på seg lenger for alle dei som stod ikring han. Han ropa: «Lat alle dei andre gå ut frå meg!» Så var det ingen annan til stades då Josef fortalde brørne sine kven han var.

2. Han sette i og gret så høgt at egyptarane høyrde det, ja, dei høyrde det i huset åt farao.

3. Og han sa til brørne sine: «Eg er Josef! Lever far min enno?» Men brørne hans kunne ikkje svara han. Dei stod der som dei var klumsa.

4. Då sa Josef til dei: «Kom hit til meg!» Så gjekk dei bort til han, og han sa:Eg er Josef, bror dykkar, som de selde til Egypt.

5. Men no skal de ikkje vera sorgfulle eller urolege fordi de selde meg hit. Gud ville berga liv; difor sende han meg føre dykk.

6. No har vi hatt to uår i landet, og enno kjem det fem år utan pløying og hausting.

7. Men Gud sende meg føre dykk fordi han ville leiva ein rest av dykk på jorda og berga mange levande gjennom nauda.

8. Så er det ikkje de som har sendt meg hit, men Gud. Han har sett meg til far for farao, til herre over heile hans hus og til styrar over heile Egypt.

9. Skunda dykk no og dra heim att til far og sei: Så seier Josef, son din: «Gud har sett meg til herre over heile Egypt. Kom ned til meg, og dryg ikkje!

Les hele kapitlet 1. Mosebok 45