Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 44:4-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Men dei var ikkje langt utom byen komne før Josef sa til hushaldaren sin: «Set etter mennene! Og når du tek dei att, skal du seia til dei: Kvifor løner de godt med vondt? Kvifor har de stole sølvstaupet mitt?

5. Er ikkje dette det staupet som herren min drikk av, og som han spår i? Det var ille gjort av dykk!»

6. Då hushaldaren tok dei att, sa han dette til dei.

7. «Kvifor talar du såleis, herre?» spurde dei. «Gud fri tenarane dine frå å gjera noko slikt!

8. Du ser, dei pengane vi fann øvst i sekkene våre, hadde vi med oss hit til deg att frå Kanaan. Kvifor skulle vi då stela sølv eller gull or huset åt herren din?

9. Den av tenarane dine som det vert funne hjå, han skal døy, og vi andre skal vera trælane dine.»

10. Han svara: «Ja, lat det vera som de seier! Den som det vert funne hjå, skal vera trælen min, men de andre skal vera utan skuld.»

11. Så skunda dei seg og lyfte sekkene ned på jorda og opna kvar sin sekk.

12. Hushaldaren såg etter, tok til hjå den eldste og enda hjå den yngste. Og staupet fann han i sekken hans Benjamin.

13. Då reiv dei sund kleda sine, kløvja kvar sitt esel og fór attende til byen.

14. Og Juda og brørne hans kom inn i huset åt Josef medan han endå var der. Og dei kasta seg til jorda for han.

15. Då sa Josef til dei: «Kva er det de har gjort? Veit de ikkje at eg kan finna ut det som er dult?»

16. «Kva skal vi svara deg, herre?» sa Juda. «Kva kan vi seia, og korleis kan vi syna at vi er skuldlause, når Gud har funne skuld hjå tenarane dine? Sjå, vi er trælane dine, herre, både vi og han som staupet vart funne hjå.»

17. Men Josef sa: «Gud fri meg frå å gjera slikt! Den som hadde staupet, han skal vera trælen min. Men de andre kan fara heim til far dykkar i fred.»

18. Då gjekk Juda fram for han og sa: Høyr her, herre! Lat tenaren din få tala eit ord til deg, og ver ikkje harm på meg! Du er då som farao sjølv!

19. Du spurde oss, herre: «Har de nokon far eller bror?»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 44