Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 44:20-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Då svara vi: «Ja, vi har ein gamal far, og han har ein ung son, som han fekk på sine gamle dagar. Denne guten hadde ein bror, men han er borte. No er han åleine att etter mor si, og far hans er så glad i han.»

21. Du sa til tenarane dine: «Kom hit til meg med han, så eg får sjå han med eigne augo.»

22. Då sa vi til deg, herre: «Guten kan ikkje skiljast frå far sin; for skilst han frå han, døyr faren.»

23. Men du sa til tenarane dine: «Kjem ikkje yngste bror dykkar med hit, vil eg ikkje sjå dykk for augo mine.»

24. Då vi så kom heim til far vår, tenaren din, fortalde vi han kva du hadde sagt, herre.

25. «Far av stad att,» sa far, «og kjøp litt korn til oss!»

26. Då svara vi: «Nei, det kan vi ikkje gjera. Men er yngste bror vår med, skal vi fara dit ned. For vi kan ikkje koma mannen for auga utan at yngste bror vår er med.»

27. Då sa far vår, tenaren din, til oss: «De veit at eg fekk to søner med same kona.

28. Men den eine vart borte for meg. Eg sa: Han er visseleg ihelriven, og eg har ikkje sett han sidan.

29. Tek de no denne òg ifrå meg, og kjem han ut for ei ulukke, så sender de meg, gamal og grå, med sorg ned i dødsriket.»

30. Skal eg no koma heim til far min, tenaren din, og vi ikkje har med oss guten, som hjarta hans heng så fast ved,

31. så vert det døden hans, når han ser at guten ikkje er med. Vi kjem til å senda far vår, tenaren din, gamal og grå, med sorg ned i dødsriket.

32. For eg, tenaren din, tok på meg å svara for guten hjå far min. Eg sa: «Kjem eg ikkje heim att til deg med han, skal eg stå i skuld til deg alle mine dagar.»

33. Lat difor meg vera att i staden for guten og vera trælen din, herre! Lat han fara heim att saman med brørne sine!

Les hele kapitlet 1. Mosebok 44