Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 44:17-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Men Josef sa: «Gud fri meg frå å gjera slikt! Den som hadde staupet, han skal vera trælen min. Men de andre kan fara heim til far dykkar i fred.»

18. Då gjekk Juda fram for han og sa: Høyr her, herre! Lat tenaren din få tala eit ord til deg, og ver ikkje harm på meg! Du er då som farao sjølv!

19. Du spurde oss, herre: «Har de nokon far eller bror?»

20. Då svara vi: «Ja, vi har ein gamal far, og han har ein ung son, som han fekk på sine gamle dagar. Denne guten hadde ein bror, men han er borte. No er han åleine att etter mor si, og far hans er så glad i han.»

21. Du sa til tenarane dine: «Kom hit til meg med han, så eg får sjå han med eigne augo.»

22. Då sa vi til deg, herre: «Guten kan ikkje skiljast frå far sin; for skilst han frå han, døyr faren.»

23. Men du sa til tenarane dine: «Kjem ikkje yngste bror dykkar med hit, vil eg ikkje sjå dykk for augo mine.»

24. Då vi så kom heim til far vår, tenaren din, fortalde vi han kva du hadde sagt, herre.

25. «Far av stad att,» sa far, «og kjøp litt korn til oss!»

26. Då svara vi: «Nei, det kan vi ikkje gjera. Men er yngste bror vår med, skal vi fara dit ned. For vi kan ikkje koma mannen for auga utan at yngste bror vår er med.»

27. Då sa far vår, tenaren din, til oss: «De veit at eg fekk to søner med same kona.

28. Men den eine vart borte for meg. Eg sa: Han er visseleg ihelriven, og eg har ikkje sett han sidan.

29. Tek de no denne òg ifrå meg, og kjem han ut for ei ulukke, så sender de meg, gamal og grå, med sorg ned i dødsriket.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 44