Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 44:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sidan sa Josef til hushaldaren sin: «Fyll sekkene åt desse mennene med korn, så mykje dei kan få med seg, og legg pengane åt kvar av dei oppå kornet!

2. Legg så staupet mitt, sølvstaupet, øvst i sekken til den yngste, saman med kornpengane hans!» Og han gjorde som Josef sa.

3. Morgonen etter, med same det ljosna, fekk mennene fara av stad med esla sine.

4. Men dei var ikkje langt utom byen komne før Josef sa til hushaldaren sin: «Set etter mennene! Og når du tek dei att, skal du seia til dei: Kvifor løner de godt med vondt? Kvifor har de stole sølvstaupet mitt?

5. Er ikkje dette det staupet som herren min drikk av, og som han spår i? Det var ille gjort av dykk!»

6. Då hushaldaren tok dei att, sa han dette til dei.

7. «Kvifor talar du såleis, herre?» spurde dei. «Gud fri tenarane dine frå å gjera noko slikt!

Les hele kapitlet 1. Mosebok 44