Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 43:3-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Vil du no la han få vera med oss, skal vi fara av stad og kjøpa korn til deg.

4. Men sender du han ikkje, fer vi ikkje ned att. For mannen sa til oss: Eg vil ikkje sjå dykk for augo mine utan at bror dykkar er med.»

5. Då sa Israel: «Kvifor gjorde de meg så vondt og fortalde at de har endå ein bror?»

6. Dei svara: «Mannen spurde oss nøye ut både om oss og ætta vår. Han sa: Far dykkar, lever han enno? Har de nokon bror? Og vi svara på det han spurde om. Vi kunne vel ikkje vita at han ville seia: Kom hit med bror dykkar!»

7. Då sa Juda til Israel, far sin: «Send guten med meg! Så gjer vi oss ferdige og fer av stad, så vi kan berga livet og sleppa å døy, både vi og du og småborna våre.

8. Eg skal svara for han; av meg kan du krevja han att. Kjem eg ikkje heim att med han og set han framføre deg, skal eg bera skulda for det alle mine dagar.

9. Hadde vi ikkje drygt så lenge, kunne vi no ha vore heime att både ein og to gonger.»

10. Då sa Israel, far deira, til dei: «Er det ikkje anna råd, så gjer som eg seier: Ta med i sekkene dykkar noko av det beste som finst i landet, litt balsam og litt honning, gummi og harpiks, pistasie-neter og mandlar! Det skal vera ei gåve til mannen.

11. Og ta dobbelt så mange pengar med dykk, så de kan ha med tilbake dei pengane de fekk att, dei som låg øvst i sekkene! Kanskje det var eit mistak.

12. Ta så bror dykkar, gjer dykk ferdige og far attende til mannen!

13. Gjev Gud Den Allmektige må la dykk møta godvilje hjå mannen, så han sender med dykk Benjamin og den andre bror dykkar. Men skal eg vera barnlaus, så får eg vera det!»

14. Så tok mennene med seg desse gåvene og dobbelt så mange pengar – og Benjamin. Dei gjorde seg ferdige og fór til Egypt, der dei steig fram for Josef.

15. Då Josef såg at Benjamin var med dei, sa han til hushaldaren sin: «Bed desse mennene inn! Slakta og stell til, for dei skal eta middag med meg!»

16. Mannen gjorde som Josef sa. Han bad dei med inn i huset åt Josef.

17. Men då dei skulle gå inn, vart dei redde og tenkte: «Det er vel for dei pengane som låg att i sekkene våre førre gongen, at vi skal hit inn. Dei vil ryka på oss, kasta seg over oss, gjera oss til trælar og ta esla våre.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 43