Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 43:29-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Og Josef skunda seg bort; for kjærleiken til broren loga opp i han, så han laut få gråta. Og han gjekk inn i kammeret sitt og gret.

30. Så vaska han seg i andletet og gjekk ut att. Han gjorde seg hard og sa: «Set fram maten!»

31. Då sette dei fram på serskilde bord – for han og for brørne og for egyptarane som åt hjå han. For egyptarar kan ikkje eta i lag med hebrearar; det held dei for ein styggedom.

32. Brørne fekk sitja midt for han. Dei vart sessa etter alderen, den eldste øvst og den yngste nedst. Då såg dei på kvarandre og undrast.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 43