Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 43:22-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Då sa han: «Ta det med ro, ver ikkje redde! Han som er Gud både for dykk og far dykkar, har gjeve dykk ein skatt i sekkene. Dei pengane de hadde med, har eg fått.» Så henta han Simeon ut til dei.

23. Sidan fylgde mannen dei inn i huset åt Josef. Han gav dei vatn så dei fekk vaska føtene, og lét dei få fôr til esla.

24. Så la dei gåvene til rettes, medan dei venta på at Josef skulle koma heim til middag. For dei hadde høyrt at dei skulle eta der.

25. Då Josef kom, bar dei inn til han gåvene dei hadde med seg, og kasta seg til jorda for han.

26. Han spurde korleis dei levde, og sa: «Står det bra til med den gamle far dykkar, som de tala om? Lever han enno?»

27. «Ja,» svara dei, «det står bra til med far vår, tenaren din. Han lever enno.» Så bøygde dei seg og kasta seg ned for han.

28. Då fekk han auga på Benjamin, heilbror sin, og sa: «Er dette yngste bror dykkar, som de tala til meg om? Gud signe deg, guten min!»

29. Og Josef skunda seg bort; for kjærleiken til broren loga opp i han, så han laut få gråta. Og han gjekk inn i kammeret sitt og gret.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 43