Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 43:2-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Men Juda svara: «Mannen sa med reine ord: Eg vil ikkje sjå dykk for augo mine utan at bror dykkar er med.

3. Vil du no la han få vera med oss, skal vi fara av stad og kjøpa korn til deg.

4. Men sender du han ikkje, fer vi ikkje ned att. For mannen sa til oss: Eg vil ikkje sjå dykk for augo mine utan at bror dykkar er med.»

5. Då sa Israel: «Kvifor gjorde de meg så vondt og fortalde at de har endå ein bror?»

6. Dei svara: «Mannen spurde oss nøye ut både om oss og ætta vår. Han sa: Far dykkar, lever han enno? Har de nokon bror? Og vi svara på det han spurde om. Vi kunne vel ikkje vita at han ville seia: Kom hit med bror dykkar!»

7. Då sa Juda til Israel, far sin: «Send guten med meg! Så gjer vi oss ferdige og fer av stad, så vi kan berga livet og sleppa å døy, både vi og du og småborna våre.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 43