Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 42:31-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Då sa vi til han: Vi er ærlege folk og ikkje spionar.

32. Vi var tolv brør som alle hadde same faren. Ein av oss lever ikkje lenger, og den yngste er heime hjå far vår i Kanaan.

33. Han som rår der i landet, sa då til oss: Dette vil eg ha til teikn på at de er ærlege folk: Ein av dykk brør skal vera att hjå meg. Og de andre kan ta med dykk alt de treng til livberging for dei som er heime, og fara i veg.

34. Kom så til meg med yngste bror dykkar, så eg kan sjå at de ikkje er spionar, men ærlege folk. Då skal de få att bror dykkar, og de kan fara fritt ikring i landet.»

35. Då dei tømde sekkene, fann kvar av dei sin pengepung der. Og då dei fekk auga på pengepungane, stokk dei til, både dei og far deira.

36. Og Jakob, far deira, sa til dei: «De gjer meg barnlaus! Josef er borte, Simeon er borte, og no vil de ta Benjamin òg. Det er meg det går ut over alt dette.»

37. Då sa Ruben til far sin: «Begge sønene mine kan du drepa dersom eg ikkje kjem heim att til deg med Benjamin. Berre lat han vera med meg! Eg skal føra han attende til deg.»

38. Men Jakob svara: «Son min skal ikkje fara med dykk dit ned. For bror hans er borte, og han er åleine att. Kjem han ut for ei ulukke på den ferda de skal gjera, så sender de meg, gamal og grå, med sorg ned i dødsriket.»

39. Det var endå harde uår i landet.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 42