Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 42:27-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Men då dei slo leir for natta, og ein av dei opna sekken sin og ville gje eselet fôr, fekk han auga på pengane; dei låg øvst i sekken.

28. Han sa til brørne: «Eg har fått att pengane mine. Her ligg dei i sekken min!» Då vart dei reint ille ved. Skjelvande såg dei på kvarandre og sa: «Kva er det Gud har gjort mot oss?»

29. Så kom dei heim til Jakob, far sin, i Kanaan. Og dei fortalde han alt det som hadde hendt dei.

30. «Mannen som rår der i landet, tala strengt til oss,» sa dei, «og tok oss for folk som ville speida ut landet.

31. Då sa vi til han: Vi er ærlege folk og ikkje spionar.

32. Vi var tolv brør som alle hadde same faren. Ein av oss lever ikkje lenger, og den yngste er heime hjå far vår i Kanaan.

33. Han som rår der i landet, sa då til oss: Dette vil eg ha til teikn på at de er ærlege folk: Ein av dykk brør skal vera att hjå meg. Og de andre kan ta med dykk alt de treng til livberging for dei som er heime, og fara i veg.

34. Kom så til meg med yngste bror dykkar, så eg kan sjå at de ikkje er spionar, men ærlege folk. Då skal de få att bror dykkar, og de kan fara fritt ikring i landet.»

35. Då dei tømde sekkene, fann kvar av dei sin pengepung der. Og då dei fekk auga på pengepungane, stokk dei til, både dei og far deira.

36. Og Jakob, far deira, sa til dei: «De gjer meg barnlaus! Josef er borte, Simeon er borte, og no vil de ta Benjamin òg. Det er meg det går ut over alt dette.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 42