Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 42:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Jakob fekk vita at det var korn i Egypt, sa han til sønene sine: «Kvifor sit de og stirer på kvarandre?

2. Eg har høyrt,» sa han, «at dei har korn i Egypt. Far dit ned og kjøp korn til oss, så vi kan berga livet og sleppa å døy!»

3. Då fór brørne åt Josef, ti i talet, ned til Egypt og ville kjøpa korn.

4. Men Jakob sende ikkje Benjamin, heilbror til Josef, av stad med brørne. Han var redd det kunne henda han ei ulukke.

5. Så var då Israels-sønene òg mellom dei som kom og ville kjøpa korn; for det var uår og naud i Kanaan.

6. No var Josef styrar i Egypt, og han selde korn til alt folket der. Då brørne hans kom, kasta dei seg til jorda for han.

7. Med det same Josef fekk sjå brørne sine, kjende han dei att, men gjorde som han var framand for dei. Han tala strengt til dei og sa: «Kvar kjem de frå?» Dei svara: «Vi kjem frå Kanaan og vil kjøpa korn.»

8. Josef kjende att brørne sine, men dei kjende ikkje han.

9. Då kom Josef i hug det han hadde drøymt om dei. Og han sa: «De er spionar som kjem og vil sjå kvar landet er lettast å ta.»

10. «Nei, herre,» svara dei, «tenarane dine vil berre kjøpa korn.

11. Vi er alle sønene til ein og same mannen. Vi er ærlege folk og ikkje spionar.»

12. «Jau,» sa han, «de kjem og vil sjå kvar landet er lettast å ta.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 42