Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 4:12-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Når du dyrkar marka, skal ho ikkje meir gje deg si grøde. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jorda.»

13. Då sa Kain til Herren: «Straffa mi er så stor at eg ikkje kan bera henne.

14. Sjå, i dag driv du meg bort frå landet. Eg må gøyma meg for deg og vera heimlaus og fredlaus på jorda, og den som finn meg, kjem til å slå meg i hel.»

15. Men Herren sa til han: «Nei! Slår nokon Kain i hel, skal det hemnast sju gonger.» Og Herren sette eit merke på Kain, så ingen som møtte han, skulle drepa han.

16. Så drog Kain bort frå Herren og busette seg i landet Nod, austanfor Eden.

17. Kain levde saman med kona si, og ho vart med barn og fødde Hanok. Kain bygde ein by og kalla han Hanok etter son sin.

18. Hanok fekk sonen Irad, og Irad vart far til Mehujael. Mehujael fekk sonen Metusjael, og Metusjael vart far til Lamek.

19. Lamek tok seg to koner. Den eine heitte Ada, den andre heitte Silla.

20. Ada fekk sonen Jabal. Han vart ættefar til dei som bur i telt og held buskap.

21. Bror hans heitte Jubal. Han vart ættefar til alle dei som spelar på lyre og fløyte.

22. Silla fekk òg ein son, Tubalkain. Han smidde alle slag reiskapar av bronse og jern. Syster til Tubalkain var Na’ama.

23. Lamek sa til konene sine:«Ada og Silla, høyr mi røyst,Lameks koner, lyd på mine ord:Ein mann drep eg for kvart sårog ein gut for kvar skråme ¬eg får.

24. Kain skal hemnast sju gonger,men Lamek syttisju gonger.»

25. Adam kom saman med kona si att, og ho fekk ein son og kalla han Set.«For Gud har gjeve meg ¬ein annan sonog sett han i staden for Abel,sidan Kain slo han i hel.»

26. Set fekk òg ein son og kalla han Enosj. På den tid tok dei til å kalla på Herrens namn.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 4