Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 4:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Adam levde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn og fødde Kain. Då sa ho: «Eg har fått ein gut av Herren.»

2. Sidan fekk ho Abel, bror hans. Abel vart sauegjætar, Kain vart jordbrukar.

3. Då det leid av ei tid, hende det at Kain bar fram for Herren eit offer av grøda på marka.

4. Abel bar fram offer, han òg; han gav av dei fyrstefødde lamma i saueflokken sin og feittet deira. Herren såg med velvilje på Abel og hans offergåve,

5. men ansa ikkje Kain og gåva hans. Då vart Kain brennande harm og stirte nedfor seg.

6. Herren sa til Kain: «Kvifor er du harm, og kvifor stirer du ned for deg?

7. Korleis er det? Har du godt i tankar, kan du lyfta augo. Men har du ikkje godt i tankar, ligg synda framfor døra og lurer. Ho trår etter deg, men du skal halda henne i age.»

8. Sidan sa Kain til Abel, bror sin: «Kom, lat oss gå ut på marka!» Og medan dei var der ute, rauk Kain på Abel, bror sin, og slo han i hel.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 4