Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 39:11-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Så hende det ein dag at han kom inn i huset og skulle gjera arbeidet sitt. Det var ingen inne av dei som høyrde huset til.

12. Då greip ho han i kappa og sa: «Kom og ligg med meg!» Men han sleppte kappa og rømde ut or huset.

13. Då ho såg at han hadde rømt frå både henne og kappa,

14. ropa ho på husfolket sitt og sa til dei: «No kan de sjå! Mannen min har drege inn i huset ein hebrear, som fer og fjasar med oss. Han kom inn og ville liggja med meg; men eg ropa så høgt eg kunne.

15. Og då han høyrde at eg sette i og ropa, sprang han frå kappa si og rømde ut or huset.»

16. Så lét ho kappa liggja der til husbonden kom heim.

17. Då sa ho det same til han: «Den hebraiske trælen som du har drege inn i huset til oss, kom inn til meg og var nærgåande.

18. Men då eg sette i og ropa, sprang han frå kappa si og rømde ut or huset.»

19. Då husbonden åt Josef høyrde kva kona hans fortalde – «så og så har trælen din fare åt mot meg,» sa ho – vart han brennande harm.

20. Han tok Josef og kasta han i fengsel, der fangane åt kongen sat i lekkjer.No vart Josef sitjande der i fengslet.

21. Men Herren var med han og laga det så at han vart vel omtykt, og at den øvste fangevaktaren fekk godvilje for han.

22. Han sette Josef til å sjå etter alle fangane i fengslet. Og alt som skulle gjerast der, det gjorde han.

23. Fangevaktaren sjølv hadde ikkje tilsyn med nokon ting som Josef hadde ansvar for. For Herren var med han, og alt det han tok seg føre, lét Herren lukkast.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 39