Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 39:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Josef vart ført ned til Egypt. Og Potifar, ein egyptar som var hoffmann hjå farao og hovding over livvakta, kjøpte han av ismaelittane, som hadde hatt han med seg dit.

2. Men Herren var med Josef, så det gjekk han vel. Han vart verande i huset hjå den egyptiske husbonden sin.

3. Og då husbonden såg at Herren var med han og lét alt det han gjorde, lukkast,

4. vann Josef godvilje hjå han og fekk vera tenaren hans. Potifar sette han til å styra huset sitt og ha tilsyn med alt det han åtte.

5. Og frå den tid egyptaren hadde sett han over huset sitt og over heile eigedomen sin, velsigna Herren huset hans for Josef skuld. Herrens velsigning kvilte over alt det han hadde, både i huset og på marka.

6. Så lét han Josef rå over alt det han åtte. Når Potifar hadde han, gjorde han seg inga sut for noko anna enn den maten han åt.Josef var både velvaksen og ven.

7. Og då det leid av ei tid, hende det at kona åt husbonden kasta augo sine på han. «Kom og ligg med meg!» sa ho.

8. Men han ville ikkje og sa til henne: «Når eg er her, treng ikkje husbonden min syta for noko i huset. Han har gjeve meg tilsyn med alt det han eig.

9. Han har ikkje meir å seia her i huset enn eg, og har ikkje nekta meg nokon ting utan deg, sidan du er kona hans. Korleis skulle eg då gjera så stygg ei gjerning og synda mot Gud?»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 39