Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 38:20-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Juda sende kjeet med venen sin frå Adullam og bad han få att pantet av kvinna. Men han fann henne ikkje.

21. Då spurde han folket der på staden: «Kvar er tempelskjøkja i Enajim, ho som sat attmed vegen?» Dei svara: «Det har ikkje vore noka skjøkje her.»

22. Så gjekk han attende til Juda og sa: «Eg fann henne ikkje, og folket på staden sa til og med at det ikkje hadde vore noka skjøkje der.»

23. Då sa Juda: «Lat henne berre ha pantet, så vi ikkje får skam av dette! Eg har då sendt kjeet, men du fann henne ikkje.»

24. Om lag tre månader etter kom dei og sa til Juda: «Tamar, sonekona di, har drive hor og er med barn.» Då sa Juda: «Før henne ut, ho skal brennast!»

25. Men då dei førte henne ut, sende ho bod til verfar sin: «Den mannen som eig desse tinga, han er far til barnet mitt. Sjå etter kven det er som eig denne seglringen og snora og staven!» sa ho.

26. Då Juda hadde sett på det, sa han: «Ho er i sin gode rett mot meg, for eg har ikkje late henne få Sjela, son min.» Og han låg ikkje med henne meir.

27. Då det så leid til at ho skulle føda, synte det seg at det var tvillingar i livet hennar.

28. Og med det same ho fødde, stakk den eine fram ei hand. Jordmora tok ein raud tråd og batt kring handa hans og sa: «Denne kom fyrst.»

29. Men så drog han handa attende, og bror hans kom fram. Då sa ho: «Korleis er det du bryt deg fram?» Difor kalla dei han Peres.

30. Så kom broren, han som hadde den raude tråden kring handa. Han kalla dei Serah.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 38