Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 35:18-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Med det same ho anda ut – for det kosta henne livet – kalla ho han Ben’oni. Men faren gav han namnet Benjamin.

19. Rakel døydde og vart gravlagd attmed vegen til Efrat, det er Betlehem.

20. Og Jakob reiste ein minnestein på grava hennar. Det er gravsteinen hennar Rakel, som står der den dag i dag.

21. Så tok Israel ut att og sette opp teltet sitt bortanfor Migdal-Eder.

22. Medan Israel budde der i landet, hende det at Ruben gjekk stad og låg med Bilha, fylgjekona åt far sin. Og Israel fekk vita det.Jakob hadde tolv søner.

23. Sønene til Lea var Ruben, eldste son til Jakob, Simeon, Levi, Juda, Jissakar og Sebulon.

24. Sønene til Rakel var Josef og Benjamin.

25. Sønene til Bilha, trælkvinna åt Rakel, var Dan og Naftali.

26. Og sønene til Silpa, trælkvinna åt Lea, var Gad og Asjer. Dette var dei sønene Jakob fekk i Mesopotamia.

27. Jakob kom til Isak, far sin, i Mamre ved Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, der Abraham og Isak hadde halde til.

28. Levetida hans Isak vart 180 år.

29. Så drog Isak sitt siste andedrag og døydde. Han fór til folket sitt, gamal og mett av dagar. Og Esau og Jakob, sønene hans, gravla han.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 35