Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 34:5-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Jakob fekk høyra at Sikem hadde skjemt ut Dina, dotter hans. Men sønene hans var ute i marka med buskapen, og Jakob tagde med det til dei kom heim.

6. Hamor, far til Sikem, gjekk ut til Jakob og ville tala med han.

7. Då sønene til Jakob fekk høyra det, kom dei heim frå marka. Dei kjende seg såra og var brennande harme. For det var eit skjemdarverk Sikem hadde gjort mot Israel då han låg med dotter til Jakob. Slikt skulle aldri henda!

8. Hamor tala med dei og sa: «Sikem, son min, har lagt sin hug til dotter dykkar. Lat han få henne til kone!

9. Lat oss gifta borna våre i hop! Gjev oss døtrene dykkar, og gift de dykk med våre døtrer!

10. Slå dykk ned hjå oss, så skal landet liggja ope for dykk! Her kan de bu, og her kan de fara fritt ikring og få dykk eigedom.»

11. Sikem sa til far hennar og brørne hennar: «Om de berre kan godta meg, så skal eg gje dykk det de bed om!

12. Krev ein høg bruresum og ei stor gåve av meg! Eg skal gje det de vil ha, berre eg får jenta til kone.»

13. Då gav Jakobs-sønene Sikem og Hamor, far hans, eit svikefullt svar, fordi han hadde skjemt ut Dina, syster deira.

14. Dei sa: «Det kan vi ikkje gjera. Å gje syster vår til ein uomskoren mann, det ville vera ei skam for oss.

15. Berre på eitt vilkår kan vi gjera dykk til viljes: at de vert som vi og lèt alle menn hjå dykk omskjera.

16. Då skal vi gje dykk døtrene våre og ta dykkar døtrer til koner, og bu saman med dykk, så vi vert eitt folk.

17. Men vil de ikkje høyra på oss og la dykk omskjera, så tek vi syster vår og fer bort.»

18. Både Hamor og Sikem, son hans, tykte vel om det dei sa.

19. Den unge mannen drygde ikkje med å gjera dette. For han heldt av dotter til Jakob, og det var han som var den fremste i heile farshuset.

20. Så gjekk Hamor og Sikem, son hans, ut til porten i byen sin og sa til bymennene:

21. «Desse mennene vil gjerne vera vener med oss. Lat dei bu her i landet og fara fritt ikring i det! Landet er då vidt nok for dei på alle kantar. Vi vil ta døtrene deira til koner og gje dei våre døtrer.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 34