Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 34:12-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Krev ein høg bruresum og ei stor gåve av meg! Eg skal gje det de vil ha, berre eg får jenta til kone.»

13. Då gav Jakobs-sønene Sikem og Hamor, far hans, eit svikefullt svar, fordi han hadde skjemt ut Dina, syster deira.

14. Dei sa: «Det kan vi ikkje gjera. Å gje syster vår til ein uomskoren mann, det ville vera ei skam for oss.

15. Berre på eitt vilkår kan vi gjera dykk til viljes: at de vert som vi og lèt alle menn hjå dykk omskjera.

16. Då skal vi gje dykk døtrene våre og ta dykkar døtrer til koner, og bu saman med dykk, så vi vert eitt folk.

17. Men vil de ikkje høyra på oss og la dykk omskjera, så tek vi syster vår og fer bort.»

18. Både Hamor og Sikem, son hans, tykte vel om det dei sa.

19. Den unge mannen drygde ikkje med å gjera dette. For han heldt av dotter til Jakob, og det var han som var den fremste i heile farshuset.

20. Så gjekk Hamor og Sikem, son hans, ut til porten i byen sin og sa til bymennene:

21. «Desse mennene vil gjerne vera vener med oss. Lat dei bu her i landet og fara fritt ikring i det! Landet er då vidt nok for dei på alle kantar. Vi vil ta døtrene deira til koner og gje dei våre døtrer.

22. Men berre på eitt vilkår vil mennene retta seg etter oss og bu saman med oss, så vi vert eitt folk: Alle menn hjå oss må la seg omskjera, liksom dei er omskorne sjølve.

23. Buskapen og eigedomen deira, alt feet deira, vert då vårt, berre vi gjer dei til viljes, så dei slår seg ned hjå oss.»

24. Då lydde dei Hamor og Sikem, son hans, alle som høyrde til i byen hans. Dei lét seg omskjera, alle menn som høyrde heime der i byen.

25. Men den tredje dagen, då dei endå var sjuke, tok dei to Jakobs-sønene Simeon og Levi, brørne til Dina, kvar sitt sverd, trengde seg uhindra inn i byen og slo i hel alle mannfolk.

26. Hamor og Sikem, son hans, drap dei òg med kvasse sverd. Så tok dei Dina ut or huset åt Sikem og drog bort.

27. Sidan kom sønene til Jakob over dei falne og plyndra byen, fordi dei hadde skjemt ut syster deira.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 34