Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 34:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dina, dottera som Jakob hadde fått med Lea, gjekk ein gong ut og ville sjå på jentene i landet.

2. Sikem, son til hevitten Hamor, hovdingen der i landet, fekk sjå Dina. Han tok henne og låg med henne og skjemde henne ut.

3. Og hugen hans stod til Dina, dotter til Jakob. Han vart glad i den unge jenta og tala venleg til henne.

4. Sidan sa Sikem til Hamor, far sin: «Lat meg få den jenta til kone!»

5. Jakob fekk høyra at Sikem hadde skjemt ut Dina, dotter hans. Men sønene hans var ute i marka med buskapen, og Jakob tagde med det til dei kom heim.

6. Hamor, far til Sikem, gjekk ut til Jakob og ville tala med han.

7. Då sønene til Jakob fekk høyra det, kom dei heim frå marka. Dei kjende seg såra og var brennande harme. For det var eit skjemdarverk Sikem hadde gjort mot Israel då han låg med dotter til Jakob. Slikt skulle aldri henda!

8. Hamor tala med dei og sa: «Sikem, son min, har lagt sin hug til dotter dykkar. Lat han få henne til kone!

9. Lat oss gifta borna våre i hop! Gjev oss døtrene dykkar, og gift de dykk med våre døtrer!

10. Slå dykk ned hjå oss, så skal landet liggja ope for dykk! Her kan de bu, og her kan de fara fritt ikring og få dykk eigedom.»

11. Sikem sa til far hennar og brørne hennar: «Om de berre kan godta meg, så skal eg gje dykk det de bed om!

12. Krev ein høg bruresum og ei stor gåve av meg! Eg skal gje det de vil ha, berre eg får jenta til kone.»

13. Då gav Jakobs-sønene Sikem og Hamor, far hans, eit svikefullt svar, fordi han hadde skjemt ut Dina, syster deira.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 34