Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 33:10-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. «Nei, kjære vene,» svara Jakob, «har eg vunne godvilje hjå deg, så ta imot gåva mi! For då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du mot meg.

11. Ta no imot den gåva eg har sendt deg! For Gud har vore nådig mot meg, og eg har alt eg treng.» Så nøydde Jakob han til han tok imot gåva.

12. Då sa Esau: «Lat oss ta ut og koma i veg, så skal eg fara beint framføre deg.»

13. Men Jakob svara: «Du veit at borna ikkje toler mykje, herre, og at eg må syta for lamsauene og dei nybære kyrne mine. Driv ein dei for hardt, om berre ein einaste dag, stryk alt småfeet med.

14. Vil du ikkje gjera vel, herre, og fara føre tenaren din? Så kan eg fylgja etter i ro og mak, med ein fart som høver for driftene og borna, til dess eg er framme hjå deg i Se’ir.»

15. Då sa Esau: «Så vil eg la nokre av mennene mine vera att hjå deg.» Men han svara: «Kvifor det? Berre du vil visa meg godvilje, herre!»

16. Same dagen snudde Esau om og fór sin veg til Se’ir.

17. Og Jakob tok ut og kom til Sukkot. Der bygde han seg eit hus og laga lauvhytter til buskapen sin. Det er grunnen til at dei kallar staden Sukkot.

18. Sidan kom Jakob på si ferd frå Mesopotamia vel fram til Sikem i Kanaan. Og han slo leir utanfor byen.

19. Det jordstykket som han hadde sett opp teltet sitt på, kjøpte han av sønene til Hamor, far til Sikem, for hundre pengestykke.

20. Der reiste han eit altar og kalla det El-Elohe-Israel.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 33