Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 31:19-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Medan Laban var borte og klypte sauene sine, stal Rakel husgudane åt far sin.

20. Og Jakob lurte Laban, aramearen; for han sa ikkje eit ord om at han ville fara sin veg.

21. Han rømde med alt det han åtte. Han gav seg på vegen, sette over Eufrat og tok leia mot Gilead-fjellet.

22. Tredje dagen fekk Laban vita at Jakob hadde rømt.

23. Då tok han med seg frendane sine, sette etter han sju dagsleier og nådde han att på Gilead-fjellet.

24. Men Gud kom til Laban, aramearen, i ein draum om natta og sa til han: «Ta deg i vare så du ikkje seier eit vondt ord til Jakob!»

25. Då Laban nådde att Jakob, hadde han sett opp teltet sitt på fjellet, og Laban og frendane hans sette òg opp telt på Gilead-fjellet.

26. Laban sa til Jakob: «Kva er det du har gjort? Du har lurt meg og ført bort døtrene mine som om dei var hærtekne.

27. Kvifor rømde du i løynd og lurte meg? Kvifor sa du det ikkje til meg, så eg kunne fylgt deg på vegen med glederop og song, med handtromme og lyre?

28. Du lét meg ikkje eingong få kyssa sønene og døtrene mine. Dette var uklokt gjort av deg.

29. Det står i mi makt å skada dykk. Men Gud åt far dykkar sa til meg i natt: Ta deg i vare så du ikkje seier eit vondt ord til Jakob!

30. Men når du no har teke ut, fordi du lengta så etter farsætta di, kvifor stal du då husgudane mine?»

31. Då tok Jakob til ords og sa til Laban: «Eg var redd. For eg tenkte du kunne ta døtrene dine frå meg med makt.

32. Men den du finn husgudane dine hjå, skal missa livet. Sjå no etter kva eg har med meg, medan frendane våre er til stades, og ta det som høyrer deg til!» Jakob visste ikkje at Rakel hadde stole dei.

33. Laban gjekk inn i teltet åt Jakob og telta åt Lea og dei to trælkvinnene, men fann ikkje noko. Så gjekk han ut or teltet hennar Lea og inn i teltet til Rakel.

34. Rakel hadde teke husgudane, lagt dei i kamelsalen og sett seg på dei. Laban leita i heile teltet, men fann ingen ting.

35. Då sa Rakel til far sin: «Herren min må ikkje ta det ille opp at eg ikkje kan reisa meg for han. For eg har det som kvinner stundom plar ha det.» Så leita han, men fann ikkje husgudane.

36. Då vart Jakob harm og kom med klagemål mot Laban. Han tok til ords og sa til han: «Kva vondt har eg gjort? Kva er mi synd, sidan du forfylgjer meg såleis?

37. Alt det eg eig, har du ransaka. Kva fann du då som høyrer til i huset ditt? Legg det fram her for mine og dine frendar, så dei kan døma mellom oss to.

38. No har eg vore hjå deg i tjue år. Sauene og geitene dine har aldri kasta. Og verane i buskapen din har eg ikkje ete opp.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 31