Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 31:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Jakob fekk høyra at sønene til Laban sa: «Han har teke alt det far vår åtte. Og av det som far vår åtte, har han lagt seg til all denne rikdomen.»

2. Jakob såg på andletet åt Laban at han ikkje var den same mot han som før.

3. Då sa Herren til Jakob: «Far attende til landet åt fedrane dine og til folket ditt, og eg skal vera med deg.»

4. Då sende Jakob bod etter Rakel og Lea og bad dei koma ut på marka, der han var med buskapen sin.

5. Han sa til dei: Eg ser på andletet åt far dykkar at han ikkje er den same mot meg som før. Men Gud åt far min har vore med meg.

6. De veit sjølve at eg har tent far dykkar så godt eg kunne.

7. Og så har han svike meg og endra løna mi ti gonger. Men Gud lét han ikkje få gjera meg noko vondt.

8. Når han sa: «Dei flekkete dyra skal vera løna di,» fekk heile buskapen flekkete ungar. Og når han sa: «Dei stripete skal du ha i løn,» fekk heile buskapen stripete ungar.

9. Såleis tok Gud feet frå far dykkar og gav meg det.

10. På den tid småfeet para seg, hadde eg ein draum. Eg såg at bukkane som sprang på småfeet, var stripete, flekkete og droplete.

11. Og Guds engel sa til meg i draumen: «Jakob!» Eg svara: «Her er eg.»

12. Då sa han: «Sjå no fram for deg, så skal du få sjå at alle bukkane som spring på småfeet, er stripete, flekkete og droplete. For eg har sett korleis Laban fer åt mot deg.

13. Eg er den Gud som du såg i Betel, der du salva ein minnestein og gav meg ein lovnad. Gjer deg no ferdig og far ut or dette landet og attende til heimlandet ditt!»

14. Då tok Rakel og Lea til ords og sa til han: «Har vi enno arv og lut i huset åt far vår?

Les hele kapitlet 1. Mosebok 31