Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 30:30-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. For det var lite du hadde før eg kom, men no har det auka til ei stor mengd. Herren har velsigna deg for kvart steg eg tok. Men når skal eg få syta for mitt eige hus?»

31. Då sa Laban: «Kva skal eg gje deg?» Jakob svara: «Du skal ikkje gje meg nokon ting. Men vil du gjera som eg seier, skal eg halda fram med å gjæta småfeet ditt og sjå etter det.

32. I dag skal eg gå gjennom heile buskapen din og skilja ut alle flekkete og spreklete dyr, alle dei svarte sauene og dei flekkete og spreklete geitene. Det skal vera løna mi.

33. Ærlegdomen min skal vitna for meg når du sidan kjem og ser over løna mi. Finst det hjå meg ei geit som ikkje er flekket eller spreklet, og ein sau som ikkje er svart, så er dei stolne.»

34. Då svara Laban: «Godt, lat det vera som du seier!»

35. Men same dagen skilde han ut dei bukkane som var stripete og spreklete, og alle geitene som var flekkete og spreklete, alle som det var noko kvitt på, og alle dei svarte sauene. Og han lét sønene sine ta vare på dei.

36. Så heldt Laban seg tre dagsreiser frå Jakob, medan Jakob gjætte resten av småfeet hans.

37. No fann Jakob seg friske stavar av kvitpoppel, mandeltre og platan og flekte borken av dei i striper, så den kvite veden kom til synes.

38. Så sette han stavane som han hadde flekt borken av, opp i vasstrørne, i rennene, der småfeet kom og drakk – beint framfor dyra; for dei para seg når dei kom og drakk.

39. No para småfeet seg attmed stavane og fekk stripete, flekkete og spreklete ungar.

40. Jakob skilde lamma ifrå, og han lét småfeet venda hovudet mot dei stripete og svarte dyra i buskapen åt Laban. Såleis fekk han seg eigne flokkar, som han ikkje sleppte saman med småfeet åt Laban.

41. Kvar gong det var sterke dyr som para seg, sette Jakob stavar i rennene, midt for augo på dei, så dei skulle para seg attmed stavane.

42. Men var det veike dyr, sette han ikkje stavane der. På den måten fekk Laban dei veike dyra, men Jakob fekk dei sterke.

43. Difor vart mannen svært rik. Han fekk ei mengd med småfe, trælkvinner og trælar, kamelar og esel.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 30