Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 30:26-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Gjev meg konene og borna mine, som eg har tent for, så eg kan fara! For du veit sjølv korleis eg har tent deg.»

27. Då sa Laban: «Hadde du berre godvilje for meg! Eg har fått eit varsel om at det er for di skuld Herren har velsigna meg.

28. Sei kva du vil ha i løn,» sa han, «så skal eg gje deg det!»

29. Jakob svara: «Du veit sjølv korleis eg har tent deg, og kva buskapen din har vorte til medan eg har stelt han.

30. For det var lite du hadde før eg kom, men no har det auka til ei stor mengd. Herren har velsigna deg for kvart steg eg tok. Men når skal eg få syta for mitt eige hus?»

31. Då sa Laban: «Kva skal eg gje deg?» Jakob svara: «Du skal ikkje gje meg nokon ting. Men vil du gjera som eg seier, skal eg halda fram med å gjæta småfeet ditt og sjå etter det.

32. I dag skal eg gå gjennom heile buskapen din og skilja ut alle flekkete og spreklete dyr, alle dei svarte sauene og dei flekkete og spreklete geitene. Det skal vera løna mi.

33. Ærlegdomen min skal vitna for meg når du sidan kjem og ser over løna mi. Finst det hjå meg ei geit som ikkje er flekket eller spreklet, og ein sau som ikkje er svart, så er dei stolne.»

34. Då svara Laban: «Godt, lat det vera som du seier!»

35. Men same dagen skilde han ut dei bukkane som var stripete og spreklete, og alle geitene som var flekkete og spreklete, alle som det var noko kvitt på, og alle dei svarte sauene. Og han lét sønene sine ta vare på dei.

36. Så heldt Laban seg tre dagsreiser frå Jakob, medan Jakob gjætte resten av småfeet hans.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 30