Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 30:13-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Då sa Lea: «Å sæle meg! For alle kvinner kjem til å prisa meg sæl.» Så kalla ho han Asjer.

14. Ein dag i kveiteskurden gjekk Ruben ut på marka. Der fann han alruner, og han tok dei med heim til Lea, mor si. Då sa Rakel til Lea: «Gjev meg nokre av alrunene åt son din!»

15. Lea svara: «Er det ikkje nok at du har teke mannen min? Vil du ta alrunene åt son min òg?» Då sa Rakel: «Får eg alrunene, kan Jakob liggja med deg i natt.»

16. Då Jakob kom heim frå marka om kvelden, gjekk Lea til møtes med han og sa: «Det er meg du skal koma til; eg har kjøpt deg for dei alrunene som son min fann.» Så låg han med henne den natta.

17. Og Gud høyrde bøna hennar Lea. Ho vart med barn og fekk den femte sonen med Jakob.

18. Då sa Lea: «Gud har gjeve meg løn, fordi eg lét mannen min få trælkvinna mi.» Så kalla ho han Jissakar.

19. Sidan vart Lea med barn att og fekk den sjette sonen med Jakob.

20. Då sa Lea: «Gud har gjeve meg ei god gåve. No kjem mannen min til å halda seg til meg, fordi han har fått seks søner med meg.» Så kalla ho han Sebulon.

21. Sidan fekk ho ei dotter og kalla henne Dina.

22. Då kom Gud Rakel i hug. Han høyrde bønene hennar og opna morslivet hennar,

23. så ho vart med barn og fekk ein son. Då sa ho: «Gud har teke bort vanæra mi.»

24. Og ho kalla han Josef; for ho sa: «Gjev Herren ville la meg få ein son til!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 30