Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 3:7-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Då vart augo deira opna, og dei merka at dei var nakne. Og dei neste i hop fikenblad og batt kring livet.

8. Då høyrde dei Herren Gud som gjekk i hagen i den svale kveldsvinden. Og Adam og kona hans gøymde seg for han mellom trea i hagen.

9. Men Herren Gud ropa på Adam og sa til han: «Kvar er du?»

10. Han svara: «Eg høyrde deg i hagen. Då vart eg redd, fordi eg var naken, og så gøymde eg meg.»

11. Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?»

12. Adam svara: «Kvinna som du sette til å vera hjå meg, ho gav meg av treet, og eg åt.»

13. Herren Gud sa til kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Ormen lokka meg, og eg åt.»

14. Då sa Herren Gud til ormen:«Fordi du gjorde dette,skal du vera forbannaframfor alt fe og alle villdyr.På buken skal du krypa,og mold skal du eta ¬alle dine dagar.

15. Fiendskap vil eg setjamellom deg og kvinna,mellom ditt avkom ¬og hennar ætt.Dei skal krasa ditt hovud,og du skal hogga dei ¬i hælen.»

16. Til kvinna sa han:«Stor vil eg gjera di mødeså tidt du er med barn;med verk og vande ¬skal du føda.Etter mannen din ¬skal du stunda,og han skal råda over deg.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 3