Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 3:13-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Herren Gud sa til kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Ormen lokka meg, og eg åt.»

14. Då sa Herren Gud til ormen:«Fordi du gjorde dette,skal du vera forbannaframfor alt fe og alle villdyr.På buken skal du krypa,og mold skal du eta ¬alle dine dagar.

15. Fiendskap vil eg setjamellom deg og kvinna,mellom ditt avkom ¬og hennar ætt.Dei skal krasa ditt hovud,og du skal hogga dei ¬i hælen.»

16. Til kvinna sa han:«Stor vil eg gjera di mødeså tidt du er med barn;med verk og vande ¬skal du føda.Etter mannen din ¬skal du stunda,og han skal råda over deg.»

17. Og til Adam sa han:«Fordi du høyrde på kona diog åt av treetsom eg forbaud deg å eta av,skal jorda vera forbanna ¬for di skuld.Med møde skal du næra deg ¬av hennealle dine levedagar.

18. Torn og tistel ¬skal ho bera,og du skal eta ¬av vokstrane på marka.

19. Med sveitte i andletetskal du eta ditt brød,til dess du fer i jorda att;for av henne er du teken.Jord er du,og til jord skal du atter verta.»

20. Adam kalla kona si Eva; for ho vart mor til alle som lever.

21. Og Herren Gud laga klede av skinn til Adam og kona hans og kledde dei med.

22. Og Herren Gud sa: «No har mennesket vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje retter ut handa og tek av livsens tre og et og lever evig!»

23. Så viste Herren Gud dei ut or hagen i Eden og sette dei til å dyrka jorda, som dei var tekne av.

24. Han dreiv mennesket bort; og austanfor hagen sette han kjerubane og det logande sverdet som svinga att og fram. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 3