Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 27:31-42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Han òg laga ein god rett og bar inn til far sin. «Far,» sa han, «vil du ikkje stå opp og eta av viltet eg har skote, så du kan velsigna meg!»

32. «Kven er du?» spurde Isak. Han svara: «Eg er Esau, eldste son din.»

33. Då vart Isak så forfærd at han skalv, og han sa: «Kven var det då som kom til meg med noko vilt han hadde skote? Eg åt av det før du kom, og velsigna han; og no lyt han vera velsigna.»

34. Då Esau høyrde dei orda av far sin, sette han i eit høgt og hjarteskjerande skrik og sa: «Velsigna meg òg, far!»

35. Men han svara: «Bror din kom med svik og tok velsigninga som du skulle ha.»

36. Då sa Esau: «Med rette har han fått namnet Jakob; for no har han lurt meg to gonger. Fyrst tok han odelen min, og no har han teke velsigninga med.» Så sa han: «Har du ikkje ei velsigning til meg òg?»

37. Då tok Isak til ords og sa til Esau: «Eg har sett han til herre over deg, og alle brørne hans har eg gjort til trælane hans. Med korn og vin har eg sytt for han. Kva kan eg så gjera for deg, son min?»

38. Esau svara: «Har du berre denne eine velsigninga, far? Velsigna meg òg, far!» Og Esau gret høgt.

39. Då tok Isak til ords att og sa:«Langt borte ¬frå den grøderike jordskal din bustad veraog utan dogg frå himmelen.

40. Av sverdet ditt skal du leva,og bror din lyt du tena.Men når du ein gong ¬slit deg laus,skal du riva åket hans ¬av nakken din.»

41. Esau la Jakob for hat fordi far hans hadde velsigna han. Og Esau sa med seg sjølv: «Snart kjem den tid då vi lyt syrgja over far. Då skal eg drepa Jakob, bror min.»

42. Då Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt, sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sa til han: «Høyr her! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 27