Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 27:12-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Kanskje far kjenner på meg. Så trur han at eg vil halda han for narr, og eg fører forbanning over meg i staden for velsigning.»

13. «Den forbanninga skal eg ta på meg, guten min,» sa mora. «Berre lyd meg, du, og gå og henta kjeungane!»

14. Så gjekk han etter kjea og kom til mor si med dei. Ho laga ein god rett av det slaget faren lika.

15. Og Rebekka fann fram staskleda åt Esau, eldste son sin – ho hadde dei inne hjå seg – og lét Jakob, yngste sonen, ta dei på seg.

16. Og skinna av kjeungane hadde ho på hendene og halsen hans, der han var snau.

17. Så gav ho Jakob, guten sin, den gode retten og brødet som ho hadde stelt til.

18. Han gjekk inn til far sin med det og sa: «Far!» «Ja,» sa han, «kven er du, guten min?»

19. Då svara Jakob: «Eg er Esau, eldste son din. Eg har gjort som du bad meg. Set deg no opp og et av viltet eg har skote, så du kan velsigna meg!»

20. Isak sa til son sin: «Korleis kunne du finna det så snøgt, guten min?» Han svara: «Herren din Gud sende det imot meg.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 27