Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 27:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Isak var gamal vorten og dimdest så på synet at han mest var blind, kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sa: «Du son min!» Han svara: «Ja, her er eg.»

2. Så sa han: «Du ser eg er gamal vorten; eg veit ikkje kva dag eg skal døy.

3. Ta no jaktreiskapen din, pilehuset og bogen, og gå ut i marka og skyt noko vilt åt meg!

4. Lag så ein god rett, av det slaget eg likar! Kom hit med han og lat meg eta, så eg kan velsigna deg før eg døyr.»

5. Rebekka lydde på medan Isak tala til Esau, son sin. Så gjekk Esau ut i marka og ville skyta noko vilt og ha med seg heim.

6. Då sa Rebekka til Jakob, son sin: «Høyr her! Eg høyrde at far din tala til Esau og sa:

7. Kom heim med noko vilt, lag ein god rett og lat meg eta, så vil eg velsigna deg for Herrens åsyn før eg døyr!

8. Lyd no meg, guten min, og gjer det eg byd deg!

9. Gå bort til småfeet og henta to fine kje, så skal eg laga ein god rett åt far din av det slaget han likar.

10. Den skal du bera inn til far din, så han kan eta og velsigna deg før han døyr.»

11. Då sa Jakob til mor si: «Du veit Esau, bror min, er loden, og eg er snau.

12. Kanskje far kjenner på meg. Så trur han at eg vil halda han for narr, og eg fører forbanning over meg i staden for velsigning.»

13. «Den forbanninga skal eg ta på meg, guten min,» sa mora. «Berre lyd meg, du, og gå og henta kjeungane!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 27