Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 25:5-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Abraham gav Isak alt det han åtte.

6. Men han gav òg gåver til dei sønene han hadde med fylgjekonene sine. Og medan han endå levde, lét han dei flytta bort frå Isak, son sin, og fara av stad, til eit land i aust.

7. Levetida hans Abraham vart 175 år.

8. Så anda han ut. Abraham døydde i ein god alderdom, gamal og mett av dagar; og han fór til folket sitt.

9. Sønene hans, Isak og Ismael, gravla han i Makpela-hola, på jordet åt hetitten Efron, son til Sohar, austanfor Mamre,

10. det jordet som Abraham hadde kjøpt av hetittane. Der vart han gravlagd saman med Sara, kona si.

11. Og då Abraham var død, velsigna Gud Isak, son hans. Isak vart buande attmed Lakai-Ro’i-brunnen.

12. Dette er ættetavla åt Ismael, den sonen som Abraham fekk med Hagar frå Egypt, trælkvinna hennar Sara.

13. Dette er namna på Ismael-sønene, nemnde i den rekkjefylgje dei vart fødde i: Nebajot, eldste son til Ismael, Kedar, Adbe’el, Mibsam,

14. Misjma, Duma, Massa,

15. Hadad, Tema, Jetur, Nafisj og Kedma.

16. Dette var Ismael-sønene; og det er namna på dei som bur i landsbyane og leirane sine, tolv hovdingar og ættene deira.

17. Levetida åt Ismael vart 137 år. Så anda han ut. Han døydde og fór til folket sitt.

18. Ismaelittane hadde bustadene sine mellom Havila og Sjur, som ligg austanfor Egypt, der vegen går til Assyria. Beint framfor alle brørne sine slo han seg ned.

19. Dette er soga om ætta åt Isak, son til Abraham. Abraham fekk sonen Isak.

20. Isak var førti år gamal då han gifte seg med Rebekka, dotter til aramearen Betuel frå Mesopotamia, og syster til aramearen Laban.

21. Isak bad til Herren for kona si; for ho var barnlaus. Herren høyrde bøna hans, og Rebekka, kona hans, vart med barn.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 25